Den karismatiske luringen Yngve Jordalen har reist ein god del meir enn vossingar flest. Sidan 2010 har han klatra opp på kontrabassen sin for storleikar som Kurt Nilsen, Heine Totland, Stephen Ackles, Linda Gail Lewis, The Northern Belle og Trang Fødsel. Det er ingen tvil om at Yngve kan spela fletto av dei fleste.
I fjor haust kom han med ei plata som fortel oss at Yngve står like godt fremst som bakerst på scena.
«Eg vil få fram bygdegalskapen både i det eg spelar og det eg syng. Eg vil at publikum skal kunna dansa og le, men kanskje også at dei vert litt provoserte. Det kjem nokre saftige frasar innimellom. Og så håpar eg dei syns at eg spelar tøft på gitaren».
Alle som har prøvd seg på Dryppen veit at det fort kan straffa seg å få nye vener. Me garanterer sjølvsagt ingenting bortsett i frå at viss du ikkje kjem, så er det grenser for kor gale det kan gå seinare.
For å komma levande inn i Dryppen må du ha fylt 20 år.
Dryppen jobbar doble skift som gindestilleri og hemmeleg bar, og høver for folk som ikkje veit sitt eige beste.
Passet «JA FOR FAEN EG KJEM» er for deg som vil komma to gonger på samme helg.
Du sparar ingenting mot enkeltbillettane MEN du får invitasjon til eit lukka lag i destilleriet på laurdag før konsert.
Berre sjå på videoen over viss du skulle vera i tvil – dette er kanskje det aller beste Springsteen-tributebandet du finn på våre breddegrader!
Viss du synest Håvard Bakke er god på kino, så berre vent til du får han i levande live. Med denne maktdemonstrasjonen av eit band lovar han tre strake timar med handplukka Springsteen-låtar frå heile sjefens rikhaldige historie.
Kven tek du med deg?
Sjå fleire konsertvideoar her.
I Haugamoen Saloon og Manufaktur kan du alltid finna deg til rette i eit utval gode møblar i frå Brukt’n. Det er ein brukbar stad å slå av ein prat med andre lausgjengarar, eller å legga an på ei som har betre odel enn deg sjølv.
Saloonen husar også ein manufakturavdeling med våre eigne heimalaga motiv. Folk reiser vesten på kryss og tvers utan å finna maken.
Har du eit plagg som du vil forbetra monaleg, så kan me gjerne trykka på det, også. Me har både lyse og mørke trykk som passar både foran og bak.
Med ujamne mellomrom er det råd å få seg ein matbit i saloonen – det kjem heilt an på kor tidleg du kjem og kor mykje hest han Jarle har fått tak i.
Har du pengar så er du alltid mellom vener i Saloonen, men pass godt på at ikkje ein kjeltring speler deg frå både gards- og bruksnummer.
Me likar best å gjera ting for fyrste gong kvar gong. Difor slår me eit slag for alt som er hakkande gale. Me får spesielt tenning viss noko er veldig kortreist, er heilt utanfor løypekartet, eller berre er litt meir hjulbeint enn standarden tilseier.
Folk er ulike – og det er bra!
Nettopp difor kan det jo henda at du tenkjer på noko anna enn oss. Me håpar i alle fall det, både for både vår del og din. Har du noko i tankane, så vil me gjerne høyra i frå deg.
Gje oss ein lyd på hei@bygda.as viss du har spørsmål eller innspel til all galskapen. Elles kan du senda oss eit forslag til skiltet i mellomtida.
Me har fått mange førespurnader om lasertag for folk flest etter Vill Vest i fjor. No kan du endeleg ta med deg vener og familie i kjellaren og skyta dei.
Pris per person: 275 kr
Speletid: 2x 10 minutt
Minste påmelding: 4 personar
Lagstorleik: 4-6 personar
Minst 12 lag må melda seg på for at arrangementet skal kunne gjennomførast.
Fyrstemann til mølla gjeld.
Me kan ikkje garantera plass til alle.
Kven kan melda seg på?
– Er alle over 18 år?
– Under 18? Har de fylgje av ein ansvarleg vaksen?
Banen høver ikkje for rullestolbrukarar. Me nyttar både scenerøyk og strobelys.
Enkle og strenge reglar:
Me har nulltoleranse for alkohol og rusmiddel mellom spelarar denne dagen. Lasersjefen bestemmer og vil bortvisa gjester som ikkje er i skapeleg form.
I fjor vart det utseld. I år vert det Bonanza!
Vill Vest på Jobben er eit fullverdig og lettkjøpt alternativ til fleire sjukemeldingar og overdriven vikarbruk. Det er billegare enn ein tur til byen og meir lønsamt enn bingoen til Haugamoen Husmorlag.
Er du ikkje sjef?
Ta det med ro, me har lang erfaring med gruppepress og bidreg gjerne: